Sportsfiske i Gloppen 452 Innsjøer, 469 Bilete
Sportsfiske.nu » Vestlandet » Sogn og Fjordane » Gloppen
Sportsfiske
Heim
Fiskekort
Filer
Artiklar
Lenkjer

Database
Innsjøer
Artar
Bilete

Interaktivt
Logg inn
Registrér
Gløymt passord

Artiklar

Isfiskekonkurranse søndag 6. mars 2011

04.03.11 - 20:08

Komande søndag 6/3, kl 10-14 vert det arrangert gloppenmeisterskapen i isfiske på Storefjorden ved Heimseta i Vestre Hyen.


Utfisking i Veslevatnet

25.05.09 - 14:56 Kultivering, Utfisking

Utfiskinga i Veslevatnet i Bukta er igong igjen. Etter det sf.nu har erfart so er det bra (om ikkje beire) kvalitet på fisken i år også. Innsatsen til desse ildsjelene gjer at Veslevatnet er i ferd med å bli eit veldig attraktivt fiskevatn, med veldig god tilgjengeleghet. Oppdatering: Jens nemner i kveld at so langt i år har ein allereie fiska opp 760 stk. Bra innsats!


Fylkesmannen seier nei til utbygging i Sandalsfossen og i Timbra

21.12.08 - 15:00 Politikk, Vassdragsvern

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane frarår NVE å bygge ut Sandalsfossen. Les meir her:


Ymse oppdateringar

23.08.08 - 00:16 Prosjekt

Dei siste dagane har eg rulla ut nokre nye oppdateringar. Først og fremst har eg fått på plass ei ny landsdekkande framside som syner oppdateringar frå heile landet (bilete, artiklar, osv). I tillegg til dette har eg også lagt inn veirvarsel (timevarsel) for kvar enkelt innsjø. Det kjem meir ny funksjonalitet etterkvart!


Sild i Gloppefjorden

28.07.08 - 18:16

For dei som lika å fiske i fjorden, so kan eg avsløre at det er ganske mykje sild i fjorden no, og den er lett å få. Det følgjer også med ein del fin makrell og stor sei rundt stimane. So det er berre å komme seg ut i båten og fiske!


Kultivering/utfisking i Krokstadvatnet

02.06.08 - 11:51 Innsjø, Kultivering, Politikk, Prosjekt, Utfisking

Firda Tidend skriv idag: "Som eit ledd i driftsplanlegginga av Osen–Vestre Hyen vassdraget, er det sett i gong organisert utfisking med storruse i Krokstadvatnet i Hyen. Målet er å få bestandane av røye og aure meir i samsvar med næringstilgangen i vatnet". Eit flott tetak, Krokstadvatnet har eit veldig bra potensiale som fiskevatn. Utfisking er i vinden i desse dagar, virkar det for :)


Sjøaurekonkurranse 2008

22.04.08 - 12:18 Fisketur

NJFF arrangerar konkurranse i sjøaurefiske 26-27. april. I Gloppen blir "basen" som vanleg på Sandneset på Sørstranda. Denne konkurransen har også blitt arrangert tidligare.


Vil lage ein kunstig innsjø ved Eikenesstøylen

06.03.08 - 10:32 Innsjø, Kultivering, Prosjekt, Vassdragsvern

Firda Tident skriv: "På vegner av grunneigarar på garden Eikenes på Hestenesøyra har Bjørn Kåre Eikenes teke eit spesielt initiativ. Han har starta ein søknadsprosess som kan munne ut i at det vert bygd eit kunstig vatn, eller ei tjørn, om lag 500 meter søraust for Eikenesstøylen". Eikenesstøylen ligg på eit platå i fjellsida under Eikeneshesten, med store myrflater (sjå kart her). I same slengen kan ein og nemne at grunneigarar på Hestenesøyra har slått seg saman for å legge Storelva i røyr.


Flott fiskeseminar i Førde

14.02.08 - 19:36

NJFF hadde som vanleg stelt til eit flott fiskeseminar i Førde. Det var kjekt å delta, og stemninga virka for å være god og det kom mange interessante innspel den korte tida eg var der. Presentasjonane frå seminaret finn ein på NJFF S&F si heimeside, inkludert presentasjonen min.


Fylkesutvalet tilrår konsensjon for kraftverk i Breidalen

03.02.08 - 13:18 Prosjekt, Vassdragsvern

NRK Sogn og Fjordane skriv at fylkesutvalet tilrår bygging av småkraftverk i Breidalen, trass i at dette vassdraget er verna under verneplan IV (meir informasjon hos NVE). Denne utbygginga er også noko kontroversiell grunna ei tett knytting til påstått planlagt næringsutvikling og tilrettelegging for turisme og funksjonshemma. Fleire saksdokument finn ein i Gloppen kommune sitt arkiv.


Diskusjonsgruppe for sportsfiske.nu

23.01.08 - 00:57

Eg har oppretta ei generell diskusjonsgruppe på GoogleGroups der ein kan kome med forslag, idear, spørsmål og kritikk til fiskesida. Diskusjonsgruppa finn ein her: http://groups.google.com/group/sportsfiskenu. Ein kan også sende epost direkte til sportsfiskenu@googlegroups.com, ein treng ikkje være medlem av gruppa for å gjere dette.


Fiskeseminar i Førde 8-9 februar

15.01.08 - 20:14 Innsjø, Kultivering, Prosjekt

NJFF arrangerar fiskeseminar i Førde 8-9. februar. Meir informasjon her: http://www.njff.no/portal/page/portal/sogn_og_fjordane/artikkel?element_id=120416. Eg kjem til å holde eit kort foredrag om innsjødatabasen og korleis den har utvikla seg på laurdag 9., og tek gjerne ein prat etterpå!


Moane kraftverk vil byggje minikraftverk i Breidalselva

31.10.07 - 12:49

Firda Tidend skriv: " Moane Kraftverk AS søkjer no om konsesjon for bygging av Breidalselva minikraftverk. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sett uttalefristen til 1. desember 2007". Breidalselva går saman med Langedalselva samt Traudalselva og dannar til slutt Ryggjaelva lenger nede. Kraftverket vil bli bygd eit stykke over den siste gytehølen i Ryggjaelva.


313 nye innsjøar i databasen

21.10.07 - 23:42 Prosjekt

No er databasen endeleg oppdatert på lik linje med resten av landet. Her i databasen for Gloppen har det kjeme til 313 nye innsjøar, og nokre få har blitt flytta til andre kommunar (X/Y-vatna, Høgmannsvatnet). Les vidare for meir informasjon om dei nye innsjøane.


Nye innsjøar på veg inn i databasen

25.09.07 - 02:19 Prosjekt

Om ikkje lenge kjem det til å dukke opp veldig mange fleire innsjøar i innsjødatabasen. Det dreiar seg om nokre hundre, men eg har ikkje eksakte tal. Dette er alt frå små pyttar på 2.5 mål og oppover. Totalt her i Gloppen vil databasen telje drøyt 400 (kontra 142 no). På landsbasis vil det no kome ca. 243000 innsjøar totalt inn i databasen. Følg med framover :)


Fiskesida ekje dau!

23.08.07 - 03:32

Det er sikkert mange som undrar kvifor det ikkje "skjer" noko på denne websida lenger. Les vidare so skal de få forklaringa :)


Fleire oppdateringar

29.10.06 - 00:05

No ikveld har eg rulla ut ei ganske stor oppdatering - mykje "grums" har blitt fjerna og fiksa. Det ekje so konkret mykje nytt endå for de som brukarar, men eg kan nemne:

  • Støtte for kanoniske navn på innsjøer i URL'er (http://gloppen.sportsfiske.nu/innsjo/Breimsvatnet)
  • Støtte for interwiki-linking til andre innsjøer (meir om ditta seinare)
  • Overgang fra Smarty til Savant3 som templatesystem (raskare)
  • No skal det fungere nogenlunde å gje karakterar til bilete igjen
  • Nytt datoformat der det passar som er litt kortare
  • Fiskebestandane for ein innsjø er synlege igjen (men ikkje metainfoen, den kjeme snart får vi håpe)
..og elles eit lass med småting som har blitt fiksa undervegs. Antakeleg vil ein ofte oppleve kræsj, døde lenkjer, og liknande. Skriv gjerne kommentarar under med tips og idear! :)


Laksesjukdomen PKD truleg påvist i Jølstra

22.10.06 - 19:21 Elv

Avisa Nordlys skriv: "Laksesykdommen ble påvist i Åbjøravassdraget i Nordland, og er trolig også påvist i Jølstra i Sogn og Fjordane. Undersøkelsene er satt i gang av Direktoratet for naturforvaltning og Mattilsynet for å finne ut hvor utbredt sykdommen er. PKD er en nyresykdom som formerer seg raskt, og rammer laksens yngel." Les heile saka hjå Nordlys.no Oppdatering: saka får idag omtale hjå NRK S&F


Invitasjon til idear og forslag

15.10.06 - 04:21 Prosjekt

Har du ein god idé til ny funksjonalitet på fiskesida? Fins det noko du gremjer deg over som du meinar kunne vore betre? Skriv ein kommentar her, eller send ein epost til post@sportsfiske.nu med dine forslag.


Oppdateringar

08.10.06 - 21:35

Fiskesida gjennomgår no nokre større oppdateringar. Dette VIL medføre feilmeldingar og kræsj og litt forskjellig. Forhåpentlegvis vil det meste være tilbake til det gamle om nokre dagar. Ting som ikkje funkar:

  • RSS
  • Nokre detaljvisningar for innsjøar vil kræsje
  • Visning av bilete av innsjøar
Ting som har blitt beire
  • Ein blir ikkje lenger logga ut "heile tida", og en kan være innlogga fleire plassar samtidig
  • Støtte for fleire språk (uferdig)
  • Tegnsett, no er heile databasen i Unicode
Generelle forandringar:
  • Designet har blitt litt annleis, spesielt oppe i "toppen". Etter kvart skal eg få inn noko litt meir "gløppisk" der :)


Sogn og Fjordane bondelag med brev til miljøvernministeren

07.10.06 - 13:32

Firda Tidend skriv idag: "Som avisa tidlegare har skrive, har DN etter klage frå NOAH omgjort løyve frå Fylkesmannen om å felle to otrar ved laksetrappa i Evebøfossen. Sogn og Fjordane Bondelag reagerer særs sterkt på dette, og har no sendt brev til miljøvernminister Helen Bjørnøy med krav om ei tydeleg klargjering av regjeringa sin politikk på dette området [..]". Les heile saka hjå Firda Tidend


Storfiskar eller elegant majestet ?

28.09.06 - 20:10 Kultivering

Gråhegren har auka sterkt i antall dei siste åra ... korleis påvirkar det fiskebestanden i elvane...


Breim Vilt- og Fiskelag melder DN for miljøkriminalitet

20.09.06 - 10:37

Firda Tidend skriv: "Styret i Breim vilt- og fiskelag har vedteke å politimelde Direktoratet for Naturforvaltning (DN) for miljøkriminalitet. Styret meiner nektinga av fellingsløyve for oter set storaurestammen i Breimsvassdraget i fare og varslar sivil ulydnad." Les meir om saka hjå Firda Tidend Oppdatering 1: ein kan laste ned ein kopi av det omtalte skrivet Oppdatering 2: Bjørn Grov har skreve ein kort leiar om oterproblematikken


Nei til felling av oter

31.08.06 - 12:06

NRK S&F skriv idag: "Fylkesmannen i Sogn og Fjordane hadde sagt ja til å felle tre oterar, men dyrevernorganisasjonen NOAH anka avgjerda inn for direktoratet, og har fått medhald. Det seier førstekonsulent Susanne Hanssen i direktoratet.". Direktoratet kommenterar også at dei kjem til å legge seg på ei meir restriktiv linje i framtida når det gjeld fellingsløyve på oter. Les heile saka hjå NRK S&F


Tur til Trollebottsvatnet - august 2006

06.08.06 - 17:50 Fisketur

Turen starta ved Eggestøylen - gjekk Eggedalen - forbi Gåsemyrstøylen og opp "bratta". Må innrømme at eg fleire gongar tok meg i å snakke med meg sjølv. Dette var ein fantastisk tur ......


Sportsfiske.nu på ny tjenar

19.06.06 - 00:35

På grunn av høg trafikk har Sportsfiske.nu no blitt flytta til ein ny og kraftigare løysing som skalerar beitre. Løysinga er levert av EasyISP.


Årets første tur 2006

04.06.06 - 23:29 Fisketur

Saman med Jonny gjekk årets fyrste fisketur til Storefjorden. Strålande veir og litt skiftande vind til tross, fiskebetet var fenomenalt. Stort beire kan ikkje ein sesongstart bli!


Horngjel tatt i Gloppefjorden

25.05.06 - 20:46

Rovfiskaren Jens Gule tok idag ein stor horngjel på 73cm i Gloppefjorden. Fisken blei tatt på brisling frå land i Bukta. Dette er sovidt redaksjonen bekjent den første horngjelen som har blitt tatt inne i sjølve Gloppefjorden.


Nytt fiskekart for Gloppenelva

15.05.06 - 22:24

Indre Gloppen Elveeigarlag har oppdatert fiskekartet over Gloppeelva, og dette er no tilgjengeleg i høgoppløyseleg format. Det flotte kartet er teikna av Jostein Midtkandal.


Sjøaurekonkurransen igong!

23.04.06 - 01:04

NJFF sin nasjonale sjøaurekonkurranse er no igong! So langt er det tatt to fiskar på 60 og 61 cm i Gloppen, medan den største so langt kjem frå Saltdal og er på 65cm. Det ser ut til å bli ei spennande natt for mange! Til høgre ser de nokre bilete frå Gloppen JFL sin base på Sandneset. Ein kan følge med på konkurransen hos NJFF. Eg vil oppdatere denne artikkelen etter kvart som resultata blir publiserte. Oppdatering 1: går rykter om at eit eksemplar på 68cm har blitt landa i Gloppen Oppdatering 2: konkurransen er avslutta, og vinnaren blei Rune Pedersen frå Tromsø med eit beist på 80cm og 5.2kg! Her er oversikt over vinnarar og premiar.


NJFF skal kåre landets beste sjøaurefiskar 22. april - 1. premien er langhelg i Gloppen

12.04.06 - 14:13

Norges Jeger- og Fiskeforbund skal kåre landets beste sjøaurefiskar. Fyrstepremien er overnatting og fiskeutstyr til ein verdi av kr. 30.000,-. Konkurransen foregår over heile vestlandet, og i Gloppen vil basen bli lagt til Sandneset på Sørstranda. Konkurransen startar 22. april, og ein kan fiske til klokka 10.00 morgonen etter. Ein finn detaljerte reglar på heimesidene til NJFF Sogn Og Fjordane.


Fiskenyhende på RSS

08.04.06 - 00:09

Sportsfiske.nu har ei stund hatt ei nyhehendeteneste på nett som samlar saman nyhende frå norske lokalaviser og filtrerar ut alt som er relatert til sportsfiske. Denne teneste har no fått ein eigen RSS-feed. Dei som likar å nytte seg av slikt, kan gå inn på http://sportsfiske.nu/nyheter/ og klikke på RSS-linken nederst på sida.


Vestnorsk Villmarksmesse 28-30. april 2006

28.02.06 - 14:20

NJFF sine lokallag i Flora, Førde og Naustdal samt Sogn & Fjordane JFF arrangerar i år Vestnorsk Villmarksmesse. Det er tre år sidan sist, og i år blir den arrangert i Førde, nærare bestemt i Førdehuset. Les pressemeldinga, finn meir informasjon, eller kanskje sjå på utstillarlista. Dessverre skal ikkje sportsfiske.nu ha stand på villmarksmessa i år, men kanskje neste gong ;)


Vil felle ti otrar i Gloppeelva

15.02.06 - 19:05 Elv, Kultivering

Firda Tidend skriv: "Gloppen- og Indre Gloppen Elveeigarlag har søkt Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen om å få felle ti otrar. – Det har vore gjort mange observasjonar av dyr langs vassdraget, og strekninga frå Trøselen til Breimsvatnet er så godt som tom for fisk, står det m.a. i søknaden. ". Les meir hjå Firda Tidend.


Med isfiske som hobby

29.01.06 - 02:32 Fisketur, Innsjø

Firda tidend skriv: "Det kan ikkje seiast å vere nokon tradisjon for isfiske på ferskvatn i Gloppen. I alle fall ikkje i Hyen. – Dette må vi sjå å få retta på, seier ivrig sportsfiskar frå Bjørnereim i Breim, Alf Rune Felde.". Alf Rune Felde er ein ivrig bidragsytar på denne sida. Les meir om saka hos firdatidend.no.


Oppgraderingar

27.01.06 - 18:59

No har eg lagt ut dei nyaste oppgraderingane, der den mest synlege sikkert er den splitter nye muligheten for å redigere "informasjonstekstar", både når det gjeld framsida, og kver enkelt innsjø i databasen. Les vidare for meir informasjon.


Fotokonkurranse avslutta, og vinnar er kåra

22.01.06 - 18:52

Som kanskje nokre av dykk huskar, so arrangerte Lars Bjørkeland og Gloppen Jeger og Fiskarlag ein fotokonkurranse i haust. Konkurransen er no avslutta, les vidare for å sjå kven vinnarane blei, og bileta deira!


Godt nyttår frå Sportsfiske i Gloppen

01.01.06 - 01:48

"Sportsfiske i Gloppen" ønskjer alle sine lesarar og brukarar eit godt nytt år!


Vellukka fiskeseminar i Loen

04.12.05 - 20:34 Kultivering, Politikk, Prosjekt, Vassdragsvern

Fiskeseminaret i Loen (tidligare omtalt på denne sida) var vellukka, med over 70 frammøtte og mange spanande innlegg. Sjølv opplevde eg visse tekniske problem i forkant av min presentasjon, men heldigvis gjekk det stort sett bra. Eit flott arrangement, og skikkeleg kjekt å delta på. Meir om saka finn ein på heimesida til Sogn og Fjordane Jeger og Fiskelag, inkludert nokre av presentasjonane som blei gitt under seminaret.


Overnattingstur til Blådalen

20.11.05 - 17:55 Fisketur, Innsjø

I sommar fann eg og Steffen ut at vi måtte ein tur opp i Blådalen og sjå om der virkeleg er so bra som mange skal ha det til. Vi pakka sekken og budde oss på ein fin og rolig tur langt frå folk. Men som so mange gonger før var også denne fisketuren full av overraskelsar. Les vidare for heile historia frå Blådalen :)


6000 oppdrettsaure på rømmen i Flora

04.11.05 - 10:41 Politikk, Utfisking, Vassdragsvern

NRK Sogn & Fjordane skriv: "Fisken rømde gjennom ei opa inspeksjonsluke i samband med transport mellom Seljeset og Slakteriet A/S i Florø. Snittvekta er på 3,2 kilo og teljingar tyder på at det er snakk om 6000 fisk.".


Fiskeseminar i Loen 26. - 27. november

03.11.05 - 13:29 Kultivering, Politikk

Sogn og Fjordane Jeger- og Fiskeforbund, Sogn og Fjordane Skogeigarlag og Fylkesmannen inviterar den 26.-27. november til fiskeseminar på Hotell Loenfjord i Loen. Både grunneigarar, sportsfiskarar, kommunalt tilsette og andre interesserte er velkomne. Les meir om saka hos Fylkesmannen.no. Oppdatering: eg kjem til å holde ein liten presentasjon av Sportsfiske.nu-prosjektet under dette seminaret, men eg veit enno ikkje hvilken av dagane. Presentasjonen kjem antakeleg på slutten av programmet.


Statistikk frå Røsskleiva 2005

19.10.05 - 20:03 Innsjø, Kultivering

Lars Bjørkeland har sendt inn statistikk for Røsskleiva for 2005. Statistikken er i Microsoft Word-format.


Omtale i Jakt&Fiske

10.09.05 - 11:49

I komande nummer av Jakt&Fiske (nr. 10, i oktober) kjem det ein liten artikkel om Sportsfiske.nu, der eg fortel litt om prosjektet. Dei som er medlem av Norges Jeger og Fiskeforbund får tilsendt dette bladet gratis, medan oss andre må kjøpe det i butikken :) Oppdatering: ein kan no lese artikkelen på http://www.jaktogfiske.info/index.asp?menuItem=35&docID=23433&docDetail=on


Kultiveringsprosjekt i Ryggjaelva

02.09.05 - 23:02 Elv, Kultivering, Prosjekt

I vår blei det sett ut kring 10-12.000 lakseyngel i Ryggjaelva som hadde blitt klekt ut i ein fjøs på Ramnestad. Dette var eit resultat av eit samarbeid mellom fiskeforvaltar Eyvin Sølsnæs hjå fylkesmannen, og lakseutvalet i Ryggjaelva. Her følgjer ei utgreiing om dette prosjektet, inkludert saksdokument frå fylkesmannen og rapportar.


Ambisiøs bomtur til Ångsdalen

30.08.05 - 21:10 Fisketur

Ei dryg veke ut i august var det på tide å freiste lukka i Ångsdalen, ein liten og vekkgøymd dal i fjellsida ovafor Langedalen. Grunna plasseringa, startar sesongen der oppe som regel veldig seint. Mangel på sol og vind gjer dalen til ein einaste stor kjølebag, med fleire små brear som effektive kjøleelement. Men sjølv om vatnet er kaldt og fisken tidvis umuleg å få, so er det noko ekstra stas med Ångsdalen som gjer at eg ofte drøymer meg tilbake dit. Denne gongen var Ångsdalen eigentleg meint å berre være ein stoppestad på ein kjekk loffetur inn til Granekupa, men det skulle vise seg at lenger enn til Ångsdalen kom eg ikkje.


Full klaff for friluftshelga i Hyen - igjen

22.08.05 - 22:44

Det vart strålande ver og full klaff for Friluftshelga i år. Talet 13 synte seg å vere eit lykketal sidan publikumstilstrøyminga på den 13. Friluftshelga slo alle rekordar. Særleg myldra det av folk i Sentrum laurdag, men også på dei andre arenaane var det mykje folk som storkosa seg i det fine veret. Les meir på Hyen.com!


Fotokonkurranse: stemningsbilete frå Røsskleivdalen

20.08.05 - 21:29

Lars Bjørkeland har ein fotokonkurranse gåande der det beste stemningsbilete frå Røsskleivvdalen blir premiert. Fjorårets premie var eit innramma diplom og fiskeutstyr, i tillegg til store mengder heider og ære :) Ein kan sende inn so mange bilete ein vil, og dei vil bli vurdert av ein uavhenging jury. Fristen er 1. november! Send bileta dine til lars.bjorkeland@c2i.net. Oppdatering: vinnarbileta er no kåra.


Oppdateringar på sida

18.08.05 - 15:24

Her e ein liten oppdatering no på seinsommaren: de kan no redigere kommentarar som de har lagt inn under artiklar. Hvis de kikar på kommentarane de har skreve, so vil de sjå ein link der det står "[Rediger]". Trykkar ein på denne, så vil ein kunne redigere kommentaren i eit tekstfelt nederst på sida. Ellers har eg som vanleg gjort litt småfix og fått til nokre små ytelsesøkningar her og der. Det har tatt litt tid å få denne oppdateringa i boks då eg har vore litt opptatt me andre ting no på seinsommaren, men no er heldigvis dette i boks :) Hvis de opplever feil, so send ein epost til meg.


Storevatnet i vestre Hyen, regulert storfiskvatn

01.08.05 - 16:44 Fisketur

Storevatnet ligg gøymt i fjella ovafor Fossheim kraftverk og Storefjorden. Vatnet har ein fin bestand av aure og røyr, og hvis vannstanden e høg, kan fisket være riktig so bra. Eg og Jonny tok ein kjapp marsj opp dit ein kveld, og sjølv om ikkje fangsten var av dei største, so var det ein utruleg flott tur.


Stingsild og fineveir i Botnavatnet

27.07.05 - 19:36 Fisketur

Tirsdag 26. juli var eg ein tur opp i Botnavatnet ovafor Årdalen i Breim. Her observerte eg for første gong store mengder stingsild i vatnet. Eg har ikkje lagt merke til dette før, men det skulle vise seg at auren i vatnet slettes ikkje har noko imot selskapet.


Fylkesmannen opnar for utbygging i Jardøla

27.07.05 - 03:24 Vassdragsvern

15 av grunneigarane på Mardal og Søreide ønskjer å bygge eit kraftverk i Jardøla. Planen er å legge 66 % av vassføringa i rør i ei strekning på vel 2 km og med eit fall på 325 meter. Planane har no vore på høyring hos miljøvernavdelinga til fylkesmannen, som konkluderer med at det kan søkjast om konsesjon til tiltaket. Les meir om saka her.


Fylkesmannen politimelder ulovleg leirplass ved Røsskleivvatnet

27.07.05 - 03:21 Politikk, Vassdragsvern

På heimesida til Gloppen kommune kan ein lese "Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har politimeldt bruken av eit område ved Røsskleivvatnet til leirplass. Området ligg innanfor Kolebakkane naturreservat. - Dette er uakseptabelt i eit naturreservat, seier førstekonsulent Johannes Anonby ved miljøvernavdelinga hos fylkesmannen til avisa Firda.". Denne saka er også omtalt både i Firda Tidend og Førdefirda tidligare. Meir om saka finn ein her.


Ei natt i Inste Dalevatnet

26.07.05 - 00:55

Etter anbefalingar frå brodern såg eg meg nøydd til å ta ein tur opp i Nesdalen ovafor Kandalen. Tross alt var det nesten 10 år sidan sist eg var der. Dette blei ein fin tur av dei virkeleg sjeldne, og eg fekk tatt nokon flotte bilete. Fisket var såvisst ikkje heilt umogleg det heller :)


Ruskeveir og dårleg fiskebet i Traudalen

19.07.05 - 16:12

For ikkje so lenge sida planla eg ein tur til Instevatnet i Traudalen. Underveis blei desse planane endra radikalt, hovudsakleg på grunn av ruskeveir og dårleg fiskebet. Les vidare for ein kort rapport frå den turen.


Øvredalen i Breim: lur fisk og glatte steinar

17.07.05 - 12:50 Fisketur

Øvredalen i Breim ligg på venstre side av Eggenipa sett frå Byrkjelo. Opprinneleg fekk dalen namnet "Høgredalen", eit namn som fortsatt blir brukt lokalt. Kvifor ein valgte "Høgredalen" og ikkje "Venstredalen" kan ein jo lure på. Kanskje den som fann på navnet eigentleg ikkje var heilt sikker på kva som var venstre og høgre? Uansett, det blei en fin tur, og det til tross for at eg gjekk på trynet i ei steinur. Les vidare for å sjå korleis det gjekk til.


Utfisking i Breidalen

16.07.05 - 16:40

Torsdag kveld tok eg og Steffen ein tur opp i Breidalen for å trekke nokre garn som han hadde satt der. Breidalen har dei siste åra sett ein voldsom nedgong i snittstørrelse og ein proporsjonal auke i antall individ. Steffen freistar å gjere noko med dette ved å setje småmauska garn for å fiske ut småfisken. Les vidare for bilete og ei kort oppsummering av turen og fangsten.


Friluftshelga i Hyen

13.07.05 - 05:12

Hyen.com kan ein lese følgjande om programmet under friluftshelga: "Idrettslaget er først ute med nasjonalt stemne onsdag 20. juli. Torsdag er det fjelltur frå Hope via Lavesteinen til Gjegnabu. Dei som vil kan overnatte til fredag og ta turen vidare over Gjegnalundsbreen til Gjegnen med retur til Hope i god tid før fotballkampen mellom Hyen og STIL på idrettsplassen kl. 18.00. Etterpå er det som vanleg volleyballturnering i Vikja. Fredag opnar kunstutstillingane, det vert matlaging i friluft, fotballkamp og volleyballturnering. Laurdag vert det tradisjonelt opplegg i sentrum med konsert i kyrkja og salsutstillingar på Columbus, matservering og mykje meir. Om ettermiddagen inviterer idrettslaget til triatlonkonkurranse ved Storevatnet i Gjengedalsmarka. Om kvelden vert det flakedans same stad. Friluftsleiren vert i år på Gjengedalsstøylen med mange ulike tilbod. Leiren opnar fredag kveld. Nytt av året er Hyen Natur og Friluft sitt tilbod i villmarksleiren i Byrkjeneset inst ved Storevatnet. Søndag vert det som vanleg støylsmesse, denne gongen på Åstøylen. Der vert det servert rømegraut, kaffi og kaker etter gudstenesta. Etterpå inviterer idrettslaget til lett fottur frå Gjengedalsstøylen langs Storevatnet til villmarksleiren i Byrkjeneset." Meir informasjon: http://www.hyen.com/friluftshelga.htm.


Oppdateringar på sida

05.07.05 - 17:30

Dei siste vekene har eg jobba med å få til noken ganske kjekke nye funksjonar:

  • Fil-vedlegg i diskusjonsforum
  • Ny oversikt over siste diskusjonsinnlegg på framsida
  • Oversikt over siste artikkel-kommentarar på framsida
Les vidare for å lære meir om kvar enkelt av desse nye funksjonane, og korleis ein best kan nytte seg av dei.


Nattfiske i Storefjorden

30.06.05 - 18:03

Natt til torsdag 30. juni 2005 tok eg ein liten nattfisketur til Hyen. Eg var innom både Fullskjeggevatnet og Storefjorden, og det skulle vise seg at før natta var omme, so hadde eg satt ny personleg rekord i begge vatna!


Diverse oppgraderingar av systemet

29.06.05 - 17:38 Prosjekt

Eg har lagt inn dei siste oppgraderingane av websida, blant desse er det stort sett småfeil som har blitt fiksa, men det er to ting som er verdt å nemne spesielt:

  • Visning av vatn i NVE atlas fungerer no skikkeleg igjen
  • Sikkerhetsnivået i innloggingssystemet har blitt auka betrakteleg ved at ein ny autentiseringsstreng blir generert for kver sidevisning. Akkurat no jobbar eg med moglegheit for fil-vedlegg i foruminnlegg (f.eks. bilde, videosnuttar, osv). Eg regnar med å være ferdig med dette om ikkje so lenge. Kildekoden er, som tidligare, tilgjengeleg på http://idbsys.xjws.net/.


  • Båt og garn no klart til bruk i Hestedalen

    27.06.05 - 03:15

    Eg var i dag opp med garn og årepinnar til båten som ligg oppe i Hestedalen. Både båten og garnet kan brukast fritt der oppe. Eg tok også ei runde med fiskestanga trass i uveiret, og fiskebetet var ganske bra. Totalt blei det med 15 fine steikefisk heim igjen. Omlag halvparten var raude og fine i kjøtet, eit resultat av mindre sur nedbør og beire mattilgong.


    Mindre oppdatering av diskusjonsforum

    21.06.05 - 00:34

    Eg har oppdatert diskusjonsforumet no slik at ein kan sjå "trådane" i dei ymse diskusjonane. Dette gjer det langt enklare å holde oversikten. Eit eksempel på korleis dette ser ut kan ein sjå i denne diskusjonstråden. Dette er nytt og eksperimentelt, og eg har ikkje fått testa det stort meir enn ka som trengst. Send ein epost dersom de oppdagar feil!


    Fiskekonkurransen i Langedalen 18. juni 2005

    20.06.05 - 07:51

    Her følgjer nokre bilete frå fiskekonkurransen i Langedalen 18. juni 2005. Arrangementet virka for å være særs vellukka, og det var stort oppmøte. Dei unge fiskarane fekk flotte premiar, og det var ikkje vanskeleg å sjå at interessa for sportsfiske var blitt vekka hos mange. Eit flott arrangement av Gloppen jeger- og fiskelag og 4H.


    Oppdateringar på sida

    19.06.05 - 23:19

    Eg har fiksa innloggingssystemet no slik at når en først har logga inn, so forblir ein normalt innlogga for evig og alltid. Tidligare har dei fleste måtte logge inn nærast kvar dag. Dette slepp ein heretter. Dei som fortsatt har problem med å forbli innlogga bør kontrollere at sikkerhetsinnstillingane for nettlesaren aksepterar cookies (også kjend som "informasjonskapslar"). Vær merksam på at slike forandringar lett kan føre med seg småfeil andre stader på sida. Hvis du finn feil eller ser andre ting som er suspekte, so send ein epost til Andreas Ravnestad.


    Bra fiske i Sandalsvatnet

    19.06.05 - 17:17 Fisketur

    Omsider har vi fått litt varmare veir, og natt til søndag den 19. juni tok eg og Steffen ein tur opp til Sandalsvatnet på Breim. Vi har hørt rykte om at fisken skal ha blitt litt småfallen der oppe. Mitt inntrykk er at fiskebestanden er ganske so fin, men det er sjølvsagt ikkje umogleg at vi berre hadde flaks.


    Støylsvatnet på Hestenesstøylen - fint familievatn

    17.06.05 - 01:12 Fisketur

    Lett tilgjengeleg, idyllisk, og bitevillig fisk av heilt grei kvalitet. Dette er stikkord som gjer ein god beskrivelse av "Hestenesvatnet". Vatnet er spesielt godt egna for familieturar, med koselege små badeplassar og fleire fine bålplassar spreidd rundt vatnet. Eg tok ein tur opp ein varm junikveld, og vatnet skuffa ikkje!


    "Naturbasert reiseliv i Breim" forprosjekt startar opp

    14.06.05 - 22:28 Prosjekt

    Gjennom sommaren vil eit forprosjekt titulert "Naturbasert reiseliv i Breim" freiste å dokumentere muligheitene for å kombinere natur og reiseliv på Breim. Det vil løpande bli gitt varierte turtilbod, bla. fjellturar, historiske vandringar, og framfor alt, fisketurar. Forprosjektet er eit samarbeid mellom Breim Vilt- og Fiskelag, og ei 4H-oppgåve i regi av Jarle Bergheim. På Breim.net kan ein finne informasjon om turar og oppmøtestad.


    Gloppar tok storlaks i Eidselva

    14.06.05 - 22:19

    Jan Asle Rustøen landa i forrige veke ein storlaks i Eidselva. Laksen vog 17kg, og er ein sterk personleg rekord for laksefiskaren som også er å sjå i Ommedalselva når det er sesong. Les meir om saka på websidene til Fylkesbanken.


    Konsesjonssøknad for Hjelle kraftverk

    13.06.05 - 15:39 Elv, Politikk, Vassdragsvern

    NVE har no lagt ut konsesjonssøknaden for Hjelle kraftverk til offentleg gjennomsyn. Hjelle Kraftverk v/Bjarte Heggheim søkjer om løyve etter vassressurslova § 8 til å byggje eit elvekraftverk utan reguleringsmagasin i Våtedalselva i Gloppen kommune. Kraftverket skal utnytte fallet på 19 meter i Gåsemyrfossen. Det vil få ei slukeevne på 16,6 m3 og ein installasjon på 2,5 MW. Årleg produksjon blir 12,8 GWh.


    Årets første fisketur

    13.06.05 - 00:41 Fisketur, Innsjø

    Ein er alltid ekstra forventningsfull til årets første fisketur. Som regel trur ein av ein eller annan grunn at akkurat denne turen vil gje ein indikasjon på korleis fisket vil bli resten av sesongen. Sjølv fekk eg omsider tid til denne årvisse tradisjonen den 3. juni, og skal ein tru resultatet, så vil dette bli ein ganske eventyrleg sommar.


    Fiske og friluftsdag i Langedalen

    12.06.05 - 15:02

    Kløveren 4H i lag med Gloppen Jeger og Fisk inviterer til fiskedag på Arnestadstøylen laurdag 18. juni. Det vert fiskekonkurranse mellom kl. 10.00 og 13.00, med premiering i forskjellige kategoriar etterpå. Det blir kasta med not og der vert natursti som ein kan prøve seg på. Vi fyrer og opp eit par grillar, så ta med mat og godt humør og kom og ver med.


    "Sportsfiske i Gloppen" relansert!

    24.05.05 - 23:28

    Etter ein lang vår med knallhardt arbeid har "Sportsfiske i Gloppen" endeleg funne veien tilbake til internett. Forandringane og oppdateringane som har blitt gjort er omfattande, og eg er sikker på at den nye sida vil gjere dei aller fleste tilfreds. Eg har skreve ein oversikt over alt som er nytt, kva som gjenstår, og kva planane framover er.


    Hausttur til Botnavatnet

    14.12.04 - 00:01 Fisketur, Innsjø

    Årdalen er ei lite besøkt perle i Breimsområdet, og omfattar fleire spennande fiskevatn spredd utover eit variert fjellområde. Botnavatnet er eit av desse, og Laban har teke turen!


    Storørret i Varlivatnet

    24.03.04 - 00:51 Fisketur, Innsjø

    Varlivatnet er eit vatn som ligg på grensa mellom Gloppen og Naustdal. Tilgjengeligheta er forholdsvis utfordrande, men hvis ein ikkje er redd for å gå i ein time eller to, så er dette ein flott tur, uten dei verste brattene. Og når ein endeleg er framme, so blir ein belønna med eit tidvis fantastisk fiske.


    Siste bilete
    Fleire nye bilete »

    Siste kommentarar

    Utfisking i Veslevatnet (5)

    Ymse oppdateringar (6)

    Fylkesutvalet tilrår konsensjon for kraftverk i Breidalen (2)

    Nye innsjøar på veg inn i databasen (3)

    Fiskesida ekje dau! (8)


    Copyright © 2003-2017 Sportsfiske.nu - 0 treff / 0 sidevisningar - 0.6s - 233 spørringar

    Sportsfiske.nu har en egen diskusjonsgruppe på GoogleGroups hvor man kan stille spørsmål og komme med ideer, forslag og kritikk

    meta