Isfiskekonkurranse søndag 6. mars 2011

andreas, 04.03.11 - 20:08   

Komande søndag 6/3, kl 10-14 vert det arrangert gloppenmeisterskapen i isfiske på Storefjorden ved Heimseta i Vestre Hyen.

Frå forumet på Sjedu.no:

Dette er eit arrangement for alle som har minst eit snev av fiskeinteresse. Vi legg opp til fyrst 1,5 time fiske, så 1 time bålkos, før vi avsluttar med 1,5 time fiske.

Vi stiller med bål, båltakke og litt svelerøre. Vi har allereie byrja å "fore inn" vel 30 hol, så vi garanterar endel fisk i området. Per i dag er isen vel 50 cm tjukk. Det ligg foreløbig snø på isen, og der er ikkje teikn til overvatn.

G-sport er på plass dersom du manglar noko utstyr. (isfiskeutstyr er rimleg, set du av 200 kr, så har du det mest naudsynte!)

Det vert fine premiar for størst fangst (totalvekt), både for junior og senior. Samt største røye og største aure!

Vi håpar sterk deltakelse frå sjedulandet! (Det ryktast at breimningane stiller sterkt i år, så det gjeld å stille på).

Vel møtt!

Helsing Gloppen jfl og Hyen jfl